Frå Bymbel til Bømlo

Ei rekke øyar i Vestland Fylke dannar Bømlo kommune. Ein tenkjer kanskje at det alltid har vært sånn. Grenser og stadnamn er flyktige. Og over tid vil ein sjå forandringar. Dette gjeld også Bømlo.

For litt over hundre år sidan heitte det Finnås Kommune (eller Finnaas herred, som dei sa då). Kommunen vart deretter delt inn i tre mindre kommunar; Moster, Bremnes og Bømlo. Og ikkje så lenge etter vart dei slått saman igjen. Dei vart ikkje einige om namnet, og gjekk namnlause i ein periode. Dei vart då omtalt i avisene som Bømlo-, Moster-, Bremnes-enheten. Til slutt tok dei namnet etter den største øya i øygruppa – Bømlo. Slik er den enkle og nedkorta historien om kommunenamnet.

Men sjølve øya Bømlo har óg hatt eit flytande namn opp gjennom tida. Då Bømlo var ein del av Finnås kommune, kalte dei øya for det meir danske ‘Bømmel’. Nokre hundre år før det vart dei kalla kalla Bimmel og Bemmel. Og lenge før det igjen vart dei kalla for Bymbel. Som er den eldste namneformen me kjenn til.

Det er mange som har spurt seg sjølve om kva desse namna tydar. Og det er fleire teoriar.
Nokre meinar det kjem frå det norrøne ordet ‘bymbil’ som kan i tyde eit høgt og bredt landskap. Ordet kan være slekt med nynorske ‘bembel’, og tydar navle eller mage. Med glimt i auga, kan ein då sei at Bømlo er verdas navle.
Andre er ueinig, og meinar det kjem frå det liknande ordet ‘bymbill’, frå uroleg eller larm. Og ikkje berre det – men at Bymbill faktisk var eit eldre namn på Hespriholmen, som tydar torden- eller dundreholmen. Dette namnet skal då med tida ha gått over til øya Bømlo som me kjenner til i dag.

Dette er sjølvsagt teoriar, og ingen har dessverre fasiten.

Steinindustri

Bømlo har ei historie som strekker seg langt tilbake. Så langt tilbake at ein faktisk må kalle det for forhistorisk tid, og vel så det. For nesten tolv tusen år sidan trakk istida seg tilbake, og folk byrja å busette på kysten. Dette markerte starten på steinalderen i Norge.

I slutten av 1800-talet fant den lokale bonden Johan Larsen Vespestad ein del uvanlege steinar i åkeren sin i Sokkamyro. Han sendte nokre inn til Bergens museum, og seinare reiste han sjølv dit med endå fleire.

Bergens museum såg fort at dette var grønstein og at dei var utarbeida av mennesker. Dette var svært interessant, så dei sendte då den unge arkeologen Haakon Shetelig til Bømlo for befaring av åkeren. Det gjekk ikkje lange tida før han innsåg omfanget av funna. Åkeren til Johan var stinn i grønstein, og dei fant mange andre stader rundt Langevåg med liknande funn. Med tida kunne dei fastslå at Langevåg låg i senter for ein steinindustri i Steinalderen. Her hadde dei produsert verktøy av det uunværlige råstoffet. Det mest kjende verktøyet er ei spesiell type øks, som fekk namnet Vespestadøks. Denne type øks er funne fleire stader, både på og utanfor Bømlo.

ImageImage

Men kor kom denne grønsteinen frå? Lenge klødde dei seg i hovudet over det. Gåta skulle bli løyst ved ein tilfeldighet. Utgravingane på Bømlo vart utført over mange år, og Haakon Shetelig utvikla eit nært forhold til både Johan og Bømlo. Sokkamyro var nok mykje i tankane hans. Han ordna seg eit sommarhus på Langevåg, og reiste mange turar til Bømlo opp gjennom åra. Ofte hadde han med seg andre innanfor det vitenskapelige miljøet, som viste nesten like stor interesse for området.

Eit år var to av disse besøkjande ute og rodde saman med ein av dei lokale. Dei rodde då forbi Hespriholmen i Nordøyane ovanfor Espevær. Dette er den same Hespriholmen som er nemnd tidlegare, som potensielt har lånt vekk namnet sitt til Bømlo. Det var her dei oppdaga kjelda til grønsteinen. Eit kolossalt steinbrot som skal ha vært i bruk i fleire tusen år, og er det eldste kjente steinbrotet i Norge. Her kan dei ha sprengt ut steinen ved hjelp av ild og vatn, for så å frakte den inn til Sokkamyro. Det var sikkert ikkje noko lett oppgåve den gong.

I dag kan ein kikke ned på Sokkamyro, sletta som ligg og kviler mellom Hillestveit skule og Bygdatunet. Det er vanskeleg å forestille seg at det har vært så utruleg mykje aktivitet her. Ein ting er sikkert, og det er at Haakon Shetelig meinte staden var unik og at han ikkje hadde opplevd rikare historisk jordsmonn enn på Bømlo. Haakon Shetelig er i dag kjent som ein av dei store innanfor arkeologien i Norge.

ImageImage

Åretak - filmen om historien

Her kan du sjå heile steinalderhistorien og mykje meir. Filmen Åretak er laga på dugnad og tar oss med på ei reise gjennom historien til Langevåg. Filmen viser bømlingens tilknyting til sjøen gjennom utallege generasjonar, og korleis ein stadig finn nye måtar å utnytta havets frukter på. Filmen gir eit innblikk i oppdaginga av ei unik historie frå då dei første menneska sette sine bein på øya. Historia strekker seg fram til i dag, og visar at sjøen fortsatt spelar ei viktig rolle. Åretak tar for seg utfordringar bygda står overfor, og sett fokus på utviklinga vidare

Snurr film